Tidenes største kontrakt for Energi Teknikk

Automasjonsingeniør Kim Arne Helle i arbeid på Tverrelvi kraftverk. (Foto: Energi Teknikk AS).

Automasjonsingeniør Kim Arne Helle i arbeid på Tverrelvi kraftverk. (Foto: Energi Teknikk AS).

Energi Teknikk inngår historisk entreprisekontrakt for bygging av Tokagjelet kraftverk. Kontrakten er den desidert største i selskapet si historie, melder selskapet i ei pressemelding.

DEL

Clemens Kraft og Energi Teknikk inngjekk torsdag i førre veke avtale om bygging av Tokagjelet kraftverk, kjem det fram av ei pressemelding frå Kvinnherad-selskapet.

For begge partar er dette ein historisk leveranse fordi det er det største anlegget dei har levert. For Energi Teknikk er dette også ein ny leveransemodell kor ein tek ansvaret for heile leveransen av kraftverket, ikkje berre turbinutstyret slik turbinleverandøren frå Rosendal vanlegvis gjer.

– Her skal vi levera heile kraftverket, det betyr at vi skal levera inntakskonstruksjonen, vassvegen som skal gå i tunnel, kraftstasjonen og sjølvsagt turbinutstyret, seier Arild Klette Steinsvik, dagleg leiar i Energi Teknikk.

Han er stolt over det dei har fått til, men understrekar at dette er ein siger dei deler med fleire.

– Det heile starta då kunden var ute med fleire førespurnader samstundes. Energi Teknikk rekna på turbinutstyret og det var fleire entreprenørar som rekna på ulike delar av anleggsarbeidet. Vi kom i dialog med Hardanger Maskin frå Utne, dei vurderte å tilby delar av anleggsarbeidet. Vi diskuterte ulike løysingar for å optimalisera anlegget for å utarbeida eit konkurransedyktig tilbod. Dette enda i ein totalleveranse kor Energi Teknikk og Hardanger Maskin skal samarbeida om leveransen.

TBM-teknologi

Hardanger Maskin har erfaring med bruk av TBM (tunellboremaskin) til bygging av vasstunnel for kraftverk. Det er denne teknologien som skal nyttast på Tokagjelet. TBM-teknologi og brei røynsle frå mange turbinleveransar frå Energi Teknikk gjorde sitt til at Clemens Kraft til slutt enda på modellen frå dei to vestlandsleverandørane, heiter det i pressemeldinga.

– Småkraftkompetansen frå Energi Teknikk saman med TBM-kompetansen frå Hardanger Maskin vart nok avgjerande for at vi vart den føretrekte leverandøren til Tokagjelet, meiner Steinsvik.

No startar den verkelege jobben kor anlegget skal byggast og utstyr skal produserast og setjast i drift.

– Vi startar opp med jobben med ein gong og byggetida er rekna til å vera om lag 28 månadar, fortel Steinsvik.

Anerkjend turbinleveranse

Energi Teknikk utvidar med denne kontrakten sitt leveringsomgfang ut over definisjonen «småkraft». Dette er ei anerkjenning av Brekketurbinen som selskapet har levert større og større versjonar av dei siste åra, ifølgje tysdagens pressemelding.

– Våre ingeniørar har levert gode referansar dei siste åra og turbinteknologien vi leverer viser seg å vera konkurransedyktig, fortel Steinsvik.

– Kontrakten er den desidert største i selskapet si historie. Partane er einige om ikkje å gå ut med kontraktsverdi, men dei fleste skjønar jo at dette er eit betydeleg løft for Energi Teknikk, seier ein nøgd Steinsvik.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags