Lanseringsfest for nytt produkt

Gründerane Momchil Burmov (t.v.) og Morten Einar Weberg skal 30. september lansera eit heilt nytt produkt gjennom selskapet sitt Aid Lock AS. Dei har også to andre kameratar tilsett i firmaet, Thorleif Santiago og Martin Haga.

Gründerane Momchil Burmov (t.v.) og Morten Einar Weberg skal 30. september lansera eit heilt nytt produkt gjennom selskapet sitt Aid Lock AS. Dei har også to andre kameratar tilsett i firmaet, Thorleif Santiago og Martin Haga.

Fredag 30. september får du endeleg svar på kva produkt Morten Einar Weberg og Momchil Burmov har jobba med det siste året.

DEL

Les Kvinheringen i 5 veker for BERRE 5 kr!

Då skal dei ha lanseringsfest og innsamlingsaksjon til Organdonasjon på Gry Helges.

I juli skreiv vi om gründerkompisane Morten Einar Weberg (25) og Momchil Burmov (31) som har hatt stor suksess med tatoverings-studioet Blue Norther Tattoo på Husnes som dei starta opp i mars i fjor. I reportasjen kunne kameratane avsløra at dei også jobbar med eit spennande sideprosjekt. Selskapet deira, M8 Invest AS som eigde Blue Norther Tattoo, har no skifta namn til Aid Lock AS. Kva produkt dei no har skapt har dei førebels vore svært løyndomsfulle om, og det har versert mange rykte. Men no er dei endeleg klare til å avsløra kva dei har jobba med, og fredag 30. september blir det derfor lanseringsfest på Gry Helges på Husnes. Same kvelden skal dei samla inn pengar til stiftinga Organdonasjon, eit tiltak dei meiner er svært viktig. Det vil også bli informert om førstehjelp.

– Har innsamlingsaksjonen til Organdonasjon noko med produktet dykkar å gjera?

– Det kan vi dessverre ikkje avsløra, men folk vil få vita kva produktet er og få informasjon om både organdonasjon og kor viktig førstehjelpsinformasjon er viss dei kjem på lanseringfesten, fortel Morten Einar Weberg.

I prosessen med det nye produktet har dei hatt god hjelp av to kameratar til, Martin Haga og Thorleif Santiago. Per dags dato er det berre Burmov og Weberg som er tilsett i Aid Lock AS, men på sikt vil også dei to andre kvinnheringane bli tilsett i firmaet. Weberg fortel at sjølv om det no vil bli mykje jobbing med det nye produktet framover, så skal han og Burmov framleis driva tatoveringsstudioet på Husnes så lenge det lét seg gjera og det er marknad for tatovering i Kvinnherad.

Artikkeltags