Etablerer seg med verkstad på ny stad

SATSAR: Slangeservice satsar friskt på Børnes, og byggjer opp ein verkstad som kan ta seg av mindre reparasjonar for privatfolk, bønder, entreprenørar og havbruksnæringa. Frå v, Trond Martin Bjelland, Piotr Sikorski, Kåre André Fredlund, Marek Salamon og Pawel Bereza.

SATSAR: Slangeservice satsar friskt på Børnes, og byggjer opp ein verkstad som kan ta seg av mindre reparasjonar for privatfolk, bønder, entreprenørar og havbruksnæringa. Frå v, Trond Martin Bjelland, Piotr Sikorski, Kåre André Fredlund, Marek Salamon og Pawel Bereza.

Av

Slangeservice har som kjent butikk i Herøysund. No er dei snart klare med ein verkstad på Børnes også, for småreparasjonar av utstyr både for privatfolk, bønder, entreprenørar og havbruk.

DEL

– Me ser rett og slett for oss ein alt-mogeleg-verkstad, der det skal vera råd å få traktorar, lastebilar, båtar og gravemaskiner inn under tak. Nett no driv me og bygger opp verkstaden. Me har fått på plass både sag, sandblåsekabinett, ein fres, delevaskar og det me treng av sveisemaskiner for slikt arbeid. I utgangpunktet tenkjer me å ha fire personar i hallen, seier Trond Martin Bjelland.

Gode utsikter

Slangeservice driv med likt og ulikt. I tillegg til butikksalet av slangar og anna utstyr, har dei eit eige bemanningsselskap, S-Service.

– Totalt er me innpå 40 personar, der størsteparten er utleigde til skipsindustrien. Mange er hjå LOS på Rubbestadneset. Me har òg folk på Halsnøy Dokk og hjå Fjellstrand. Etter sommarferien har det vore litt rolegare aktivitet for ein del av folka våre, men no ser det svært bra ut framover. Me snakkar faktisk om ein horisont på eit heilt år. Det er lang tid i verda vår, forsikrar han.

Mykje for Selstad

I all hovudsak hentar dei inn flinke fagfolk frå Polen.

– Det er dei me kjenner best, og som kulturelt også er dei greiaste å samarbeide med. Her på Børnes kjem me òg til å ha polakkar i arbeid. To mekanikarar, ein sveisar og ein platearbeidar skal nok få utretta mykje godt arbeid i tida som kjem, spår Bjelland.

Han er nøgd med alt dei har fått å gjera for Selstad.

– Me har vore med og bygd om alt av utstyr, maskinar og laga eitt tørketrommelhus. Og framleis er det meir arbeid som skal utførast for dei. Det er veldig gledeleg. Forhåpentlegvis klarar me også å få nokre synergiar av naboskapet med Multi Solutions. Dette er utan tvil ein spennande plass å vera for oss, slår Trond Martin Bjelland fast.

Artikkeltags