Akutt myelogen leukemi er ei aggressiv form for blodkreft med dårlege prognosar, og som tek livet av 70 prosent av personane som får det. Pasientane gjennomgår tøffe cellegiftbehandlingar, og det er vanskeleg å vita om pasienten vil respondera på behandling eller ikkje.

I dag blir måling av respons på behandling gjort etter veker eller månadar. Som igjen kan føra til at pasienten står på ei behandling som ikkje fungerer, og verdifull tid går tapt.


Kan redda liv

Men ein ny metode utvikla av forskarar ved Universitetet i Bergen har ført til eit gjennombrot. I løpet av 24 timar kan dei no finna ut om pasienten vil respondera på cellegiftbehandlinga eller ikkje.

Leiar for denne studien er kreftforskar og lege Benedicte Sjo Tislevoll frå Sunde.

– Vi har brukt ein avansert metode for å sjå på enkeltceller, både kreftceller og friske celler. Vi har undersøkt protein i cellesignalering frå blodprøvar tatt før, fire timar og 24 timar etter start av cellegiftbehandling, seier Tislevoll og held fram:

– Om du berre ser på ein prøve før behandling, så avslører ikkje kreftcellene alle hemmelegheitene sine. Ser du på det etter behandling så ser du korleis dei forsvarar seg. Då kjem svakheitene til syne etter 24 timar, og då veit vi kva vi skal treffa med behandlinga.

Funna som Benedicte og laget hennar har gjort er at eit protein med namn ERK1/2 i kreftcellene aukar i løpet av dei første timane på cellgiftbehandling hos dei pasientane som ikkje responderer på behandling. Med dét kan dei allereie etter eit døgn setja dei pasientane det gjeld over på ei meir målretta behandling.

– Det kan potensielt redda liv. Vi håpar og trur at vi kan betra overlevinga hos pasientar som har dårleg prognose ved å styra dei inn på ei meir treffsikker behandling så tidleg som mogleg, seier Benedicte.


Litt heftig

Denne forskinga har vore hovudprosjektet i Benedicte sin doktorgrad, og er publisert i det anerkjende medisinske tidsskriftet Nature Communications.

– Vi har samla pasientar i Oslo og Bergen, og det er meir enn 20 medforfattarar med. Så det er eit kjempestort prosjekt med både nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. Det har vore utruleg kjekt å leia eit slikt prosjekt, i alle fall når det har gitt slike resultat. Det er veldig stort, seier Benedicte og held fram:

– Slike prosjekt tar veldig lang tid. Det har tatt ti år å få fullført dette prosjektet, og det er mange små trinn på vegen, som tek veldig lang tid. Då er det ekstra godt at arbeidet faktisk gir resultat.

30-åringen er tvillingmor til to døtre på to år, er lege, kreftforskar og disputerte torsdag for doktorgraden sin. Ho har med andre ord hatt over snittet travle år.

– Det har vore litt heftig, og eg er passe sliten no. Men det var ein veldig fin dag i går etter at eg disputerte. Det var veldig kjekt å endeleg få fortald om forskinga, og bli utfordra av opponentane. Og så blei det ei fin feiring med vener og kollegaer etterpå, seier Benedicte.