Bensinstasjonen bytte namn

Varaordførar Hans Inge Myrvold opna nye Circle K, medan Ingunn Hornenes og Linn Miriam Pedersen heldt snora.

Varaordførar Hans Inge Myrvold opna nye Circle K, medan Ingunn Hornenes og Linn Miriam Pedersen heldt snora.

Artikkelen er over 3 år gammel

Namnebytet til bensinstasjonen på Husnes blei feira stort torsdag føremiddag. Gløym namnet Statoil – no heiter den Cirkle K.

DEL

Det er nok ikkje ofte eit namnebyte får så stor ståhei som då Statoil i dag offisielt skifta namn til Circle K på Husnes. Stasjonen har hatt dette namnet ei tid, men torsdag var det offisiell markering.

Barnehagebarn frå både Husnes og Herøysund var på plass, og opna festen med song. Her fekk vi høyra både Mikkel Rev og Filleonkel Abraham med stor innleving, før varaordførar Hans Inge Myrvold fekk æra av å seia nokre ord og klyppa snora.

Ungane ved Villvettene gleda seg storleg til pølsene skulle koma, og ikkje minst takk og ros for songen. Dei syntest også at det var litt stas at avdelinga Solsikkene ikkje fekk vera med og ta del i festen.

Bensinstasjonen på Husnes gått frå å vera Mil, BP, Norol og Statoil, til no å bli Circle K. Marianne Tveit som driv stasjonen gjekk rundt med eit stort smil trass i det sure vêret.

– Det var kjekt det kom litt folk, seier Tveit, som har drive stasjonen sidan 2003.

Nokre store endringar blir det ikkje med manebytet, lovar ho.

– Vi skal driva om lag som tidlegare.

Varaordføraren skrytte over bensinstasjonen, som ikkje berre er ein bensinstasjon:

– Det er viktig å ha slike plassar i eit samfunn. Her får vi påfyll av mat og aviser og det er ein samlingsplass for bilentusiasten og rånarar. Det er ein del av det komplette samfunnsbildet, sa Myrvold, og klypte snora.

Etterpå fekk dei rundt 75 barnehageborna springa inn i vaskehallen som for dagen var gjort om til pølsehall. Her var det ketchup, sennep, pølser og kake, og svært god stemning. 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags