Gå til sidens hovedinnhold

Ber folk som har vore på reis i område med koronasmitte halda seg heime i 14 dagar

Artikkelen er over 1 år gammel

Helsedirektoratet forsterkar no tiltaka for å unngå spreiinga av korona-smitte. Laurdag utvida direktoratet anbefalinga om kven som bør halda seg heime til å gjelda alle personar som har vore i område med vedvarande smitte av koronavirus.

Viss du har vore på reise i område med koronasmitte, må du halda deg heime i 14 dagar etter at du reiste frå området. Områda som blir peika på er Hubei-provinsen i Kina, Iran, Sør-Korea og Nord-Italia (alle fylke som ligg nord for Roma).

Kvinnherad kommune har delt den nye oppdateringa frå Helsedirektoratet, som kom laurdag.

Du kan lesa meir på Helsedirektoratet sine nettsider.

Kommentarer til denne saken