Gå til sidens hovedinnhold

Ber folk som har vore på Vitus apotek eller Kafé Samspel på gitte tidspunkt, og som kjenner symptom, om å testa seg

Utvidar testkapasiteten, slik at ein også kan testa seg førstkomande søndag.

I samband med at tre nye smittetilfelle er avdekka i Kvinnherad i løpet av fredagen, ber kommuneoverlegen no om at du tester deg viss du kjenner symptom generelt, men òg viss du kjenner symptom og har vore innom Vitus Apotek ved Vinmonopolet på senteret laurdag 13. mars, måndag 15. mars eller tysdag 16. mars. Det same gjeld viss du har vore innom Kafé Samspel måndag 15. mars.

– Det er viktig å presisera at dette berre gjeld dersom du kjenner på symptom, sa kommuneoverlege Glenn A. Opland under pressekonferansen fredag.

Han fortalde at testkapasiteten blir utvida, slik at ein også kan testa seg førstkomande søndag.

– Koronatelefonen blir då ope mellom klokka 10 og 11.30. Ta kontakt i det tidsrommet, så får du koma inn og testa deg utover dagen.

Han minna om at det no er viktigare enn nokon gong at ein tar smittevern på høgaste alvor ved å ha god hand- og hostehygiene, halda avstand til andre, bruka munnbind der det ikkje går, og testa seg om ein kjenner på symptom.

Ifølgje kommuneoverlegen er det truleg den britiske virusvarianten som er avdekka, og han minna om at den er ekstra smittsam.

– Det er derfor ikkje usannsynleg at det dukkar opp fleire smittetilfelle i denne samanheng, sa han.

Les også

Tre nye smittetilfelle i dag, fredag – treningssenter, symjehallar og dei fleste kultur- og fritidstilbod må stengja

Kommentarer til denne saken