Gå til sidens hovedinnhold

Ber folk som var på Kafé Samspel også torsdag, fredag eller laurdag førre helg testa seg ved symptom

Kafébesøkande frå førre helg må vera ekstra på vakt for symptom.

I går, fredag, blei det avdekka tre nye koronasmittetilfelle i Kvinnherad, og ei ny lokal forskrift blei gjeldande frå midnatt av.

Samstundes bad kommuneoverlegen folk som har vore på Vitus Apotek ved Vinmonopolet eller på Kafé Samspel ved gitte tidspunkt, testa seg.

No utvidar kommuneoverlegen dette rådet til også å gjelda besøkande på Kafé Samspel torsdag 11. mars, fredag 12. mars og laurdag 13. mars.

– Dersom du har vore innom kafeen ein av desse dagane eller begge, og kjenner symptom, ber vi om at du testar deg, seier kommuneoverlege Glenn A. Opland.

Testinga er utvida denne helga til også å gjelda i morgon, søndag. I så fall kan ein ringa koronatelefonen mellom klokka 10-11.30 søndag og få tidspunkt for testing.

Les også

Avlyser gudstenester i morgon, søndag

Kommentarer til denne saken