Gå til sidens hovedinnhold

Ber om tips etter anleggstjuveri på Sandvoll

OPPDATERT: Like etter klokka 14 melder Hordaland Entreprenør til Kvinnheringen at skuffane er komne til rette igjen.

Natt til måndag forsvann det tre store gravemaskinskuffar frå eit anleggsområdet i bustadfeltet Heio på Sandvoll. Det opplyser politiet om måndag ettermiddag.

Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor fortel også at dei nettopp har mottatt melding om innbrot i ein container ikkje langt frå Hydro Husnes sitt administrasjonsbygg.

– Nokon har brote seg inn i containeren til ein entreprenør og stole med seg ein del verktøy og utstyr, seier Fosse til Kvinnheringen, og held fram:

– Vi er interessert i opplysningar frå publikum. På Sandvoll må entreprenøren si gravemaskin, som står på tomta, ha blitt starta og flytta på, noko som ikkje kan gå stille for seg. Om nokon har observasjonar, er vi takknemlege om dei tar kontakt med oss, avsluttar Fosse.

Les også

Ingen skadar eller klagar på fyrverkeri, men ei melding gjekk igjen hos politiet

Kommentarer til denne saken