Fekk minne for livet i Grieghallen

Her ser du gjengen frå Rosendal si plassering i Koret. Det var 353 born i koret til saman. Framme: Madeleine Berge, Maria Hass Solheim, Agathe Ølvestveit, Kine Guddal Andersson. Bak: Aslaug Siqveland, Elisabet Hellesøy, Joakim Hellesøy og Ingeborg Hestad. (Foto: Privat).

Her ser du gjengen frå Rosendal si plassering i Koret. Det var 353 born i koret til saman. Framme: Madeleine Berge, Maria Hass Solheim, Agathe Ølvestveit, Kine Guddal Andersson. Bak: Aslaug Siqveland, Elisabet Hellesøy, Joakim Hellesøy og Ingeborg Hestad. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 4 år gammel

Søndag stod flinke barn frå Kvinnherad på scena i Grieghallen under ein storkonsert med barnekor frå heile fylket.

DEL

Som Kvinnheringen skreiv i fredagsavisa er det familiebandet «Team Sulebakk» som står bak desse storkonsertane, som sidan 2012 har blitt arrangert i konserthus i ulike byar. Søndag stod over 350 barn frå ulike barnekor på scena i Grieghallen, deriblant Rosendal barnekor og Halsnøy Gospel Kids.

Rosendal barnekor hadde fått eit spesielt oppdrag, nemleg å dramatisera Bjarte Leithaug sin song «Kan vi leve i fred», som handlar om uvennskap og forsoning. I tillegg fekk Åkra-jenta Ine Fu Di Farestveit i koret vera konferansier på konserten saman med to andre barn. Barna frå Rosendal barnekor kom til Grieghallen søndag føremiddag, og blei overraska over kor stor konsertarenaen var.

– Det var meir enn ein som sa at «Vi kan aldri ha dramaet vårt på scena her, då døyr vi!». Men etter kvart som dagen gjekk framover, øvingar vart gjennomført, og vi fekk treffa Bjarte Leithaug og dei andre stjernene, så fell skuldrene ned der dei skal vera, fortel dirigent for koret, Solfrid Hellesøy Siqveland.

Barna frå Rosendal barnekor syntest det var særs spennande å syngja med Mathea Mari som mange kjenner frå MGP junior, og det var stas at Ine Fu Di Farestveit var den einaste av korprogramleiarane som introduserte ho.

– Dette var ei stor oppleving! Å få vera med på scena under eit så stort arrangement var fantastisk. Barna gjorde ein kjempeinnsats, og har fått minne for livet. Heldigvis er vi så heldige at vi skal få lov å syngja under Jul i Rosendal siste helga i november. Då skal vi syngja nokon av desse songane som vi no har blitt så utruleg glade i, fortel Hellesøy Siqveland.

Halsnøy Gospel Kids deltok også på korkonserten, med åtte unge koristar: Karitas Blaey Kjartansdottir, Emma Ludvigsen Bjellebø, Lilly Anna Berge Fosse, Rebekka Røen, Sara Røen, Dorthea Benjaminson, Hanna Mehammer og Alida Nesheim. Dei hadde med seg nokre foreldre, og korleiarane Bjarnhild Lygre Sjo og Svanhild Padøy.

– Det var ei heilt fantastisk oppleving, og familien Sulebakk som står bak arrangementet skal ha mykje ros for eit så flott opplegg, skryt Lygre Sjo.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags