Sunnhordland heim til Kvinnherad

"MS Sunnhordland" kjem heim til Toftevågen. (Eirik Dyrøy Lotsberg)

"MS Sunnhordland" kjem heim til Toftevågen. (Eirik Dyrøy Lotsberg)

Det var stor festivitas både på Fjelberg og i Toftevågen då gamle MS «Sunnhordland» kom heim til Kvinnherad tysdag.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Skuta som vart kjøpt tilbake til Stord av Kjell Fylkesnes og Leif Nilsen i fjor haust var tysdag på første signingsferd til Kvinnherad. På Fjelberg vart båten ønskt velkommen med hornmusikk og jubel. Seinare på dag kom den til Toftevågen, og dit fann etter kvart mange og turen.  Kjell Fylkesnes som har vore med og kjøpt veteranbåten tykte sjølvsagt det var stas å ønskja den velkommen til Kvinnherad.

Sjå bildeserie frå besøket her.

- Vi håpar mange kjem innom for å kikka på dei neste dagane, seier Fylkesnes.

Ei av dei som møtte opp i Toftevågen var Agna Johansen frå Halsnøy.

- Eg hugsar veldig godt alle turane eg hadde med MS «Sunnhordland», fortel ho.

- Faktisk trur eg at eg var med på ein av dei aller siste turane båten hadde frå Halsnøy til Bergen. Men eg lurer på om eg blir høgare eller om takhøgda er blitt lågare. Det var uansett alltid utruleg kjekt å ta båten, og at den er komen tilbake er fantastisk kjekt, seier ho.

Den gongen kosta det 22 kroner for ein tur med båten til Bergen og seks kroner ekstra om ein ville ha lugar. Veteranbåten gjekk både frå Eidsvik, Larsstø og Sunde midt på natta og var framme i Bergen klokka 07.00.

Båten slutta å gå i rute mellom Sunnhordland og Bergen i 1974, men no skin båten igjen i Sunnhordlandsbassenget. Denne veka skal den vidare til Sunde, der den skal liggja til kai i to dagar. Både onsdag og torsdag blir det open båt, der folk kan koma og ta den ærverdige båten nærare i augesyn.

MS «Sunnhordland»

Båten var ubåtjagar 1943-45, men er her heime mest kjent som ein staseleg lokalrutebåt som batt saman dei viktigaste hamnene i Sunnhordland og Bergen fram til 1974. Etter den tid gjekk båten i cruisefart i Finland til og med sommaren 2016, før ho blei kjøpt heim og pussa opp for å vera til nytte og glede igjen på Vestlandet.

Artikkeltags