Nyttig «kom heim»-treff i Bergen

F.v.: Marianne Rindedal Jetmundsen, Eivind Holmedal, Marie Røssland, Mats Mo og Åsmund Voster var blant dei mange kvinn-heringane som hygga seg på M/S «Sunnhordland». Dei fekk slått av ein preik med Næringssjef i Kvinnherad Næringsservice, Silvia Tofte, under treffet.

F.v.: Marianne Rindedal Jetmundsen, Eivind Holmedal, Marie Røssland, Mats Mo og Åsmund Voster var blant dei mange kvinn-heringane som hygga seg på M/S «Sunnhordland». Dei fekk slått av ein preik med Næringssjef i Kvinnherad Næringsservice, Silvia Tofte, under treffet.

Artikkelen er over 1 år gammel

Onsdag kveld vart det arrangert sunnhordlandstreff i Bergen sentrum.

DEL

På ærverdige M/S «Sunnhordland» var det så å seia stappfullt i gangane då Samarbeidsrådet for Sunnhordland arrangerte det ellevte Sunnhordlandstreffet.

Festidalen, Tysnes Sparebank, Palfinger, Kvinnherad Næringsservice, Zenit Engineering, Kvinnherad kommune og iDrift var representerte saman med næringsliv frå resten av Sunnhordland.

Vinden snur

Treffet er eit omdømeprosjekt for regionen, og har som mål å rekruttera heim studentar og anna arbeidskraft og -kompetanse.

– Vi ønskjer at folk skal flytta heim. I dag er situasjonen ein annan enn det den har vore. Tidlegare har det vore for få arbeidsplasser. No er det i ferd med å snu, og vi har større behov for å rekruttera ny kompetanse, sa leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, og ordførar i Fitjar kommune, Wenche Tislevoll til Kvinnheringen.

Ho tok over som leiar for Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø då han gav seg tidlegare i år.

Ventar på jobb

Kvinnhering Eivind Holmedal og kjærasten Marianne Rindedal Jetmundsen frå Bergen, hadde teke turen til Zachariasbryggen på treffet. Dei bur i Bergen, men vurderer å flytta til Kvinnherad.

– Den rette jobben må bli ledig, og det er ikkje så enkelt. Eg likar meg veldig godt når eg er på besøk i Kvinnherad. Eg er oppvaksen i Bergen, men trivest best utanfor. Eg er glad i fjell og fjord og vakker natur, seier Marianne Rindedal Jetmundsen, som er naturforvaltar og biolog av yrke.

Gjestene fekk høve til å gå rundt i skipet og snakka med dei ulike verksemdene som stod på stands. Seinare på kvelden vart det servert tapas, før det var ulike trekningar av blant anna Festidalen- og Tysnesfest-pass. Yasmin Bjelland frå Kvinnherad vart den heldige vinnaren av ein iPad.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags