– Det var nokon som fann og tok hand om hunden, og melde det inn til politiet laurdag, opplyser politistasjonssjef Sigurd Børve til Kvinnheringen måndag.

Seinare vart hunden henta av Viking redningsteneste, som skal ta vare på hunden fram til eigar har meldt seg.

– Dersom nokon har kunnskap om dette, ønskjer me at dei tar kontakt med politiet, seier Børve.