Stemningsfullt med film og jazz i Bergslagen

LEVERTE: Filmskapar Merethe Offerdal Tveit imponerte med nye og spennande kortfilmar i Bergslagen onsdag.

LEVERTE: Filmskapar Merethe Offerdal Tveit imponerte med nye og spennande kortfilmar i Bergslagen onsdag.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Herlege filmar om det nære, toppa med profesjonell jazz. Slik var det i Bergslagen onsdag i førre veke.

DEL

Igjen har Merethe Offerdal Tveit vist at ho kan kunsten å laga filmar folk vil sjå. Denne veka er ho på lokalturné med tre heilt nye filmar og jazzduoen Duplex frå Oslo.

Det aller finaste med filmane hennar er måten ho formidlar på. Både bilda, filminga, komposisjonen og ikkje minst orda og forteljarstemma hennar gjer at filmane møter vidopne sinn i salen.

Den første filmen som vart vist i Bergslagen onsdag handlar om den siste gjenlevande trebåtbyggjaren i Herand i Jondal, Sverre Haugen. Båtbygging har særleg sterke tradisjonar der. Ein periode vart småbåtar bygde i mest kvart einaste naust, og bygda hadde mange vervar for litt større fiskebåtar. Haugen er ein triveleg kar som fortel levande om eigne erfaringar og andre sine bragder innanfor det utdøyande faget. Med forteljarstemme legg Tveit til lokalhistorisk informasjon om bygda og tradisjonane inni fjorden. Filmen er laga på oppdrag frå Herand bygdelag og vil få den offisielle premieren i Herand på søndag. Bygdelaget gav henne oppdraget på bakgrunn av det ho har laga om båtbygging før. Hardingane hadde òg sett Tveit sine 24 kortfilmar om Sunde før oppgåva vart tildelt henne. Slik rullar ballen vidare for den dyktige filmskaparen frå Rosendal.

Haust i baronihagen

Film nummer to er ein lyrisk og stemningsfull film frå baronihagen. Poenget er å visa kva som kan skje når noko tar slutt og anna begynner, i dette tilfellet når haust går over til vinter. Spennande effektar som god lyssetjing og ein dansar, gjorde at stemninga nærmast vart trolsk. Med eiga stemme og eigen tekst formidla Tveit kva tankar eit menneske, og hausten sjølv, kan gjera seg når noko er i sterk endring. Med denne filmen, som heiter «November», viser filmskaparen at ho kan langt meir enn å laga reine dokumentarfilmar.

Ein slektning i fjellet

Den siste filmen handlar om ein fjern slektning frå garden Bjørnebøle ved Fjellhaugen, Olav Bjørnebøle (1851–1874). Olav var ein svært lovande, intelligent og spennande ung mann som bestemte seg for å studera til prest, noko som var høgst uvanleg for bondesøner den gongen. Dessverre fekk han tuberkulose og døydde alt som 23-åring, men før det skreiv han tekstar om korleis livet arta seg for han. Desse hadde Tveit fått hand om via kulturkontoret, og der fann ho også tittelen til filmen, «En Skildring af Hjemmet». Filmen handlar også om filmskaparen sjølv. Tveit klarer å fletta saman historiene på ein spennande måte, med utferdstrong og sterk kjærleik til heimstaden som berande bjelkar.

Den spennande kortfilm-kvelden vart avslutta med gode jazzrytmar frå duoen «Duplex», som består av Christian Meaas Svendsen (kontrabass/vokal) og Harald Lassen (saksofon/vokal). To dyktige musikarar med mange oppdrag og travle dagar. Alt i alt ein kveld som gav eit velgjerande påfyll i kvardagen.

Same programmet vert presentert i Åkra i kveld og i Rosendal i morgon. Turnéen vert avslutta i Herand på søndag.


Artikkeltags