Bergslagen bergtok

Det forrykande grisevêret la ingen dempar på stemninga i Bergslagen på Sunde fredag kveld. Tvert imot bidrog regnet og vinden til den magiske stemninga.

DEL


Så rart eg ikkje hadde lagt merke til dei tidlegare. Stemma til Lars Amund Vaage flyt ut i kjellaren. Rå betongveggar. Golv av stein og mold. Djupe tonar frå ein kontrabass. Lukt av vått regntøy og sjø. Mørke. Eg høyrde lydar, øksehogg og hylinga av ei elektrisk sag. Urørlege tilskodarar. Lyttande, med vidopne augo. Lysa frå oppdrettsanlegget i vågen. Notane frå dryppande regn. Slippen kom skrått opp frå vasskanten, med skjener og spel til å draga opp tunge ting med.


Magisk kulturkveld

Magien kom som lova, då dei frammøtte vart overrumpla av denne heilt spesielle opplevinga i kjellaren i hovudhuset. Her improviserte jazzmusikaren Christian Meaas Svendsen på kontrabass, til forfattaren Lars Amund Vaage si opplesing frå boka «Kunsten å gå», via høgtalar.

Tonen for kvelden vart sett allereie timar tidlegare, då Kjell Magne Stråbø ringde i skipsklokka. Han fortalde om dugnadsarbeidet i Bergslagen, om planane for den framtidige totalrenoveringa og korleis ein ser for seg at Sunde Kyst og Litteratursenter kan bli ein samlingsstad for folk i alle aldrar på Sunde. No ventar ein berre på at kommunen skal komma i gang med renoveringsarbeidet. Ansgar Bjelland tok dei vél tretti frammøtte med på ei reise frå området frå 1890-talet til vår tid, med historier frå sildeproduksjon, brann og båtbygging.

OMVISAR: - Det er så mange sundegutar, gjerne eldre enn meg, som fortel om deira gode opplevingar i Bergslagen. Det seier noko om det gode og lune miljøet her, sa Lars Åge Thorsen.

OMVISAR: - Det er så mange sundegutar, gjerne eldre enn meg, som fortel om deira gode opplevingar i Bergslagen. Det seier noko om det gode og lune miljøet her, sa Lars Åge Thorsen.

Omvising

Lars Åge Thorsen viste rundt i husa. Han fortalde levande frå eigen oppvekst, då han som gut hyppig besøkte besteforeldra i båtbyggeriet i Bergslagen.

– Vi fekk ikkje gå ut av sengene om morgonen før vi høyrde maskinene starta. Det betydde at Haldor, farfar og onklane var byrja jobba, og først då fekk vi ungane gå ned i varmen på kjøkenet til bestemor, hugsa han til eit bevega publikum som delte eigne minne frå Bergslagen.

Merethe Offerdal Tveit, styremedlem i Sunde Kyst og Litteratursenter, fortel at dette er aller siste store arrangementet før Bergslagen opnar att.

– Dette er ei markering av at vi stengjer av for å pussa opp. Samtidig så feirar vi innsatsen vår og at vi har fått pengar slik at vi endeleg kan gå i gang med renoveringa.

Sjå bildene frå siste kveld i Bergslagen - for denne gong.





Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags