Siste sjanse i Bergslagen

Merethe Offerdal Tveit og Ckristian Meaas Svendsen håpar at mange finn vegen til ein «Magisk kulturkveld» i Bergslagen i kveld.

Merethe Offerdal Tveit og Ckristian Meaas Svendsen håpar at mange finn vegen til ein «Magisk kulturkveld» i Bergslagen i kveld. Foto:

Denne fredagen er det duka for «Magisk kulturkveld» i det gamle båtbyggeriet på Sunde.

DEL

Dersom ein vil oppleva hovudhuset til Sunde kyst- og litteratursenter før det blir totalrenovert, får ein sjansen til det fredag kveld.

– Ein avslappa kulturkveld, dedikert til historia og planane framover, fortel Merethe Offerdal Tveit i arrangementskomiteen.

Tilstellinga har fått namnet «Magisk kulturkveld». Både båtmotorhallen og hovudhuset vert tekne i bruk. I tillegg vert det vandringar på heile området med Einar Tveit og Åge Thorsen som guidar. Eit innslag med litt annleis jazz og resitasjon er planlagt til kjellaren i hovudhuset. Lokalet er på ingen måte ferdig, men ferdig rydda for verktøy, maskinar og gamalt skrot. Jazzmusikaren Christian Meaas Svendsen stiller med kontrabass og improviserer til opplesing av Lars Amund Vaage, som berre er til stades på høgtalaren. Han les frå boka si «Kunsten å gå» – ei bok som tar utgangspunkt i forfattaren sine eigne opplevingar i Bergslagen som gut.

– Lokala vert pynta med lys og lykter, så det kjem til å bli skikkeleg stemningsfullt her. Eg håpar mange finn vegen, for dette er absolutt siste sjanse til å oppleva hovudhuset i Bergslagen i originalversjon. Når huset opnar igjen etter det store renoveringsarbeidet, kjem det til å sjå heilt annleis ut, lokkar Tveit.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags