Ti av desse ligg på Haugesund sjukehus, medan to er på Stord sjukehus. Det melder kommunikasjonssjef Magne Kydland i ein e-post torsdag.

To av pasientane i Haugesund (begge 65+) får intensivbehandling.

12 pasientar med påvist korona er tangering av det høgaste talet Helse Fonna har hatt i pandemien. Berre ein gong tidlegare har det vore så mange pasientar innlagde med korona hos helseføretaket (29. mars 2021).