Kommunedirektøren hadde innstilt på at kommunen løyver to kroner per innbyggjar til TV-aksjonen 2019.
Hilde Enstad (Ap) gjekk opp på talarstolen med eit forslag om å auka bidraget til tre kroner per innbyggjar. Ho viste til at det er mange år sidan bidraget har blitt endra, og at det nye bidraget likevel ikkje vil utgjera meir enn ein skarve flaskepant per hovud.
Enstad sitt forslag blei vedteke.
Berre Frp sine tre representantar røysta imot.
TV-aksjonen 2019 går til Care sitt arbeid for sårbare kvinner rundt omkring i verda.