I straumen av triste nyhende om stadig fleire truga artar, er det godt å vita at den raudlista vipa har trufaste vener nokre stader. Heiltidsbonde Harald Sætre Arnevik på Sætre på Halsnøy er ein av dei.

– Eg har vore oppteken av vipa sidan eg var liten, og som bonde har eg alltid tatt omsyn til vipereir og vipeungar, fortel Arnevik, medan han peikar ut store og små viper rundt om på grasbakkane.

Over oss flyg mange viper på vipa sitt spesielle vis og lagar dei karakteristiske lydane sine. Kvar vår, i månadsskiftet februar/mars, blir Harald glad når han høyrer at vipa er komen.

– Lyden og synet fortel meg at no er vinteren på hell, og våren i anmarsj. I år kom vipa 26. februar, fortel han.

Tar omsyn

Harald følgjer godt med når vipa kjem. Ikkje berre fordi han er glad i arten, men òg for å notera seg kor dei lagar reir. Som bonde skal du vera ganske observant om du vil unngå knusa vipeegg og vipeungar. Både gjødsling og slått må utførast med ekstra omhug når du er ven av vipa.

– Der borte ser du at eg har utsett gjødslinga, forklarar Arnevik, og peikar på eit område der graset ikkje er så frodig.

Også førsteslåtten blir gjerne utsett litt av omsyn til vipene. Og sidan dei likar å hekka i nærleiken av dammar og fuktige område, har Arnevik sett noko drenering på vent eit par plassar.

– Vipeungane blir ikkje mata av opphavet, så dei må ut å finna maten sin sjølve. Difor likar dei seg nær fuktige plassar der det er meir insekt og larver. Tørkeåret i fjor var eit dårleg år for vipa. Alt i mai var dei brått vekke – vanlegvis er dei her til juni/juli, fortel Arnevik.

Sidan vipeungane må leita etter mat, er dei heile tida truga av kråke, måse, rov-fuglar og på fastlandet også rev. Dermed vil vipa helst også ha høgt gras i nærleiken, for at ungane skal kunna gøyma seg når det trengs. Dei vaksne vipene er òg avhengige av å vera ein flokk, slik at dei kan samarbeida om å varsla når det er fare på ferde.

Rett etter at ungane er klekte, breier vipemor vengene rundt ungane når det er kaldt og når det regnar, fortel vipevenen. Fuglemødrene held seg i lag med ung-ane i tre-fire veker før avkommet klarar seg heilt på eiga hand.

– Blir dei første egga øydelagde eller oppetne, kan vipa leggja egg opptil tre gonger same sesongen. Men det beste er å passa på at den første klekkinga går bra – det gjer det enklare for meg, fortel Arnevik.

Gøymer seg

Me får auge på ei vipe og to ungar på eit ope område der det er grøfta og sprøyta. Vipevenen gjer eit forsøk på å finna ein av ungane, men dei er utruleg flinke til å gøyma seg.

Arnevik er van med å bera på vipeungar, særleg i førsteslåtten. Med 14–15 vipereir i området der han slår gras, blir det vipestopp med ujamne mellomrom.

– Når ei hekkande vipe flyg opp framfor traktoren, stoppar eg og leitar fram ungane. Så ber eg dei eit godt stykke inn på området der eg har slått, slik at dei ikkje rekk å gå tilbake i det høge graset før eg kjem med slåmaskina i neste runde.

No er vipa såpass stadbunden at ho hekkar ofte om lag på same staden som året før. Det hjelper når bonden skal ha oversikt på kor han må vera varsam.

– Kvifor er du ekstra oppteken av vipa?

– Då eg var liten vart eg fasinert av fjørfargen og hovudpryden. Og så er det litt spesielt at dei klekkjer nærast rett på bakken. Då eg køyrde ut møk i tidlegare i vår, laga vogna litt spor i bakken. Ein stad hadde ei vipe laga reir i eit hjulspor og brukt sporet som to av veggane i reiret, og berre laga to «veggar» sjølv. Etter fire dagar var det tre egg i det reiret, fortel Arnevik.

Vipevenen er også oppteken av naturmangfaldet generelt:

– Alle artane er avhengige av kvarandre – me må passa på balansen i naturen. I grunnen handlar det berre om å utvisa normal folkeskikk, meiner Arnevik.

Vern vipa i Hordaland

Vipebestanden i Hordaland har hatt ei negativ utvikling i fleire tiår. Norsk Orni-tologisk Forening avdeling Hordaland, Bergen lokallag, starta i 2015 eit prosjekt for sjå nærare på situasjonen for hekkande viper i Hordaland. «Vern vipa i Hordaland» har rapportørar spreidde på dei fleste aktuelle vipelokalitetane i fylket. Arnevik har kontakt med folk i prosjektet, og han er glad for at fleire jobbar for å ta vare på vipa.

– For meg er det blitt ein vane å verna om vipa, det har gått frå generasjon til generasjon, fortel Arnevik.

I så måte passar det godt å ropa på sonen, Eirik Johan Eik Arnevik (8), slik at han kan visa fram det heilt spesielle skiltet du møter når kjem til gards. «Kjør sakte! Fuglunger i vegen».

– Eg og søstera mi, Ingrid, laga skiltet i lag med bessen. Skiltet er vel fire-fem år gamalt, fortel Eirik.

Flaskelammet Ville blir òg med på turen til skiltet. På veg tilbake er det faktisk ein fugl som trippar over vegen, men det er ei vaksen vipe som enkelt tar til vengene om nokon kjem nær.

Endeleg – på tredje forsøket – klarar pappa Harald å fanga ein vipeunge. Etter kvart får Eirik halda ungen. Slikt som dette er det sjølvsagt berre erfarne vipepassarar som kan driva med. Folk som er vane med å flytta på vipeungar for å berga dei unna slåmaskinar og andre jordbruksreiskapar. Etter kort tid blir vipeungen sett tilbake der han vart funnen.

På Norsk Ornitologisk Forening sine heimesider kan du lesa meir om prosjektet «Vern vipa i Hordaland». Der skriv ein annan vipeven i fylket, Anders Heien, om skjøtsel og tiltak for å hjelpa vipa. Samstundes set han fingeren på støtte-ordningar for å spreia møk ved hjelp av såkalla slepeslangespreiar. Metoden gir mindre utslepp til luft og mindre avrenning, men slepeslangespreiaren sopar med seg det meste av reir og fugleungar. «Ofrar vi vipa for å berga klimaet?», spør Heien.

Han skriv òg meir spesifikt om Kvinnherad ved å fortelja om kva Harald Sætre Arnevik på Halsnøy og Sigurd Seim på Seimsfoss gjer for å ta vare på vipa. «I Kvinnherad kommune er det observert rundt 30 vipeungar årleg dei åra prosjektet «Vern vipa i Hordaland» har samla talmateriale», skriv Heien. Me får håpa det reelle talet er høgare, men uansett viser det kor viktig det er at vipene har gode vener rundt om.