Gå til sidens hovedinnhold

Haustferie med «Harry Potter»-aktivitetar på biblioteket

Artikkelen er over 2 år gammel

Fleire små har nytta haustferien sin på biblioteket og blant anna kledd seg ut, sett film på storskjerm og laga edderkoppar.

Biblioteket på Husnes har hatt eit fullpakka program av kjekke aktivitetar til våre kjære små denne veka. Mange barn har nytta haustferien sin på arrangementa, der Harry Potter-dagen på tysdag var særs populær.

– I fjor markerte vi den internasjonale Harry Potter dagen, og det var så kjekt at vi ville gjera det igjen, fortel biblioteksjef Trude Hege Bergesen.

Både store og små som var innom biblioteket tysdag fekk ei kjekk oppleving. Fleire små hadde kledd seg ut, og mange møtte opp i kostyme der dei etterlikna ein karakter frå Harry Potter-eventyret.

– Ei hadde kledd seg ut som «Norberta», ein drage i Harry Potter. Ho gjekk fullstendig inn i rolla denne dagen, og hadde på seg kostymet frå start til slutt, fortel Bergesen med eit smil om munnen.

Filmframsyning

Når det først er Harry Potter-veke, må ein ha filmframsyning, og folk i alle aldrar kosa seg på filmrommet med den første filmen i forteljinga, «Harry Potter og de vises stein». Dette var så populært at dei tilsette ved biblioteket valde å setja opp nok ei filmvising dagen etter med fortsetjinga på historia, «Harry Potter og Mysteriekammeret». Mange måtte koma torsdag òg:

– Det er veldig kjekt å sjå fortsetjinga på historia i dag, fortalde éin før han sprang inn på filmrommet og kasta seg ned i ein sakkosekk.

I det dei snurra i gang filmen, hadde rommet fylt seg opp av nysgjerrige små som kikka opp på storskjermen.

Edderkopp-verkstad

Ikkje alle deltok på filmframsyninga, nokre sat i staden og laga edderkoppar:

– Vi kan henga dei opp i spindelvevet der borte, fortalde Wilma Ousdal (5) og peika mot eit nett overfylt av små heimelaga edderkoppar.

– Men vi kan òg ta dei med heim, og laga eit eige spindelvev til dei der, følgde Luna Gravdal (7) med store auge opp.

Det er ingen tvil om at det har vore mykje latter og kjekt å gjera på biblioteket dei siste dagane.

Kommentarer til denne saken