Forfattarbesøk på biblioteket: Fortel om den spennande reisa langs grensa til Russland

Forfattar Erika Fatland besøkjer Husnes og biblioteket 27. mars. (Pressefoto).

Forfattar Erika Fatland besøkjer Husnes og biblioteket 27. mars. (Pressefoto). Foto:

Erika Fatland frå Ølen har reist rundt den lange grensa til Russland og møtt folk i alle dei fjorten landa. Ho har skrive bok om desse opplevingane, og onsdag 27. mars kjem ho for å fortelja om den eventyrlege reisa.

DEL

Det melder Kvinnherad bibliotek i ei pressemelding. I «Grensen» reiser forfattar Erika Fatland langs heile Russland si enorme grense på 60.932 kilometer. Ferda startar i Nord-Korea og endar ved Grense Jakobselv. I boka skildrar Fatland korleis dei fjorten svært ulike landa som grensar til Russland vert påverka av den mektige naboen, og ikkje minst korleis naboskapet har verka inn på liva til vanlege folk. Boka er like mykje ei reiseskildring i historia som ei reiseskildring i dagens naboland.

Fatland starta i det mest lukka landet i verda, Nord-Korea, og reiste vidare gjennom Mandsjuria, Mongolia, over Kaspihavet, gjennom utbrytarrepublikkane i Kaukasus og over Svartehavet. Vi blir med til Øst-Ukraina, der president Putin ekspanderer, og opp gjennom Baltikum og Finland til vår eiga 196 kilometer lange grense mot Russland.

Erika Fatland er forfattar og debuterte med barneboka «Foreldrekrigen» i 2009. Ho vart brageprisnominert for den første sakprosaboka si, «Englebyen» i 2011. Sidan har ho gitt ut «Året uten sommer» om 22. juli-tragedien og reiseskildringa «Sovjetistan». For denne boka fekk ho Bokhandlernes sakprosapris og Wesselprisen. Fatland er også kåra av Literary Europe Live til ein av Europa sine ti beste nye samtidsforfattarar, og av Morgenbladet til ein av dei ti fremste forfattarane under 35 år i Noreg. Bøkene hennar er omsett til elleve språk. Fatland er utdanna sosialantropolog, meistrar åtte språk og har studert og arbeidd internasjonalt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags