Hans Olav Lahlum kjem til Kvinnherad

Hans Olav Lahlum. (Pressefoto).

Hans Olav Lahlum. (Pressefoto).

DEL

7. november kjem Hans Olav Lahlum til Kvinnherad bibliotek. Lahlum er kjent for å ha ekspertise på svært mange felt, blant anna sjakk, men han er òg krimforfattar og historikar.

På biblioteket blir arrangementet med han todelt, der publikum får høve til å bli kjent med både krimforfattaren Lahlum og historikaren Lahlum.

Som historikar har Lahlum primært konsentrert seg om politikk med biografiar om norske politikarar som Oscar Torp og Haakon Lie. I tillegg har han skrive om amerikanske presidentar og britiske statsministrar.

Som krimforfattar er han kjent for dei 9 bøkene om detektivparet «K2» og Patricia.

Forfattarmøtet med Lahlum er ein del av markeringa av Bokåret 2019, og er arrangert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, skriv biblioteket om arrangementet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags