Skal lesa i 40 timar – treng di hjelp

MARATONOPPLESING: Bibliotekarane treng di hjelp til å lesa høgt frå bøkene til Lars Aamund Vaage når dei i august skal ha 40 timar høgtlesing.

MARATONOPPLESING: Bibliotekarane treng di hjelp til å lesa høgt frå bøkene til Lars Aamund Vaage når dei i august skal ha 40 timar høgtlesing.

Kvinnherad Bibliotek feirar 40-årsjubileet til Lars Aamund Vaage med ei maratonopplesing frå bøkene hans. No ynskjer dei å få med folk som vil lesa høgt frå bøkene hans.

DEL

I år er det 40 år sidan Vaage debuterte i 1979 med romanen «Øvelse kald vinter», og dette skal mellom anna markerast med ei real maratonopplesing.

Vaage sine bøker er å finna i nær sagt alle seksjonar på biblioteket på Husnes; du finn dei ikkje berre i hyllene for skjønlitteratur, men også til dømes blant poesien, skodespela og barnebøkene. I tillegg finst der bøker i magasinet i kjellaren.

Treng frivillige

– Vi skal markera 40-årsjubileet med høgtlesing i 40 timar. Dette er eit halsbrekkande prosjekt, og for å få det til treng vi frivillige høgtlesarar, seier Trude Hege Bergesen, biblioteksjef ved Kvinnherad bibliotek.

Ho fortel at høgtlesinga skal skje heile veka på dagtid frå måndag 26. august, og at ein ikkje treng å ha noko forkunnskapar for å vera høgtlesar.

– Vi som jobbar her skal lesa opp, men vi treng fleire. Vi håpar at dei som likar å lesa høgt for folk melder seg, seier Bergesen.

Dette også kan vera eit fint høve til å få prøva seg som høgtlesar. Om ein ynskjer ein gjennomgang på førehand, eller vil ha tips til opplesing, er dei tilsette lette å spørja. Ho fortel at dei håpar at folk i alle aldrar melder seg, både gamle og unge.

Mangfald

– Maratonopplesinga skal visa litt av mangfaldet i Vaage sin forfattarskap. Folk kan derfor sjølve få velja kva dei ynskjer å lesa opp.

Alle detaljar ved arrangementet er ikkje ferdigspikra endå, men Bergesen fortel at dei fleste opplesingane skal føregå på biblioteket på Husnes. Fredagen kjem forfattaren sjølv til biblioteket. Då vert det bokbad og samtale mellom Anders Totland og Vaage om forfattarskapen, samt musikkinnslag ved Amund og Johannes Bramness Vaage.

Biblioteket ynskjer å heidra ein av Noregs mest etablerte forfattarar.

– Det er viktig å ta vare på forfattarane våre. Og vi vil heidra Vaage og forfattarskapen hans, i tillegg til å gjera folk her klar over kva for ein stor forfattar Vaage er, seier biblioteksjefen.

MYKJE Å VELJA I: Bibliotekarane (f. v.) Hilde Gry Opheim, Trude Hege Bergesen og Anita Larsen skal sjølve vera høgtlesarar under Vaage-maratonen i august, men forfattarskapen er stor og mangfaldig og dei treng frivillige.

MYKJE Å VELJA I: Bibliotekarane (f. v.) Hilde Gry Opheim, Trude Hege Bergesen og Anita Larsen skal sjølve vera høgtlesarar under Vaage-maratonen i august, men forfattarskapen er stor og mangfaldig og dei treng frivillige.


Artikkeltags