Kjekk jubileumsfeiring i biblioteket

Moro: Forestillinga «Hexagon og julestria» trollbatt store og små.

Moro: Forestillinga «Hexagon og julestria» trollbatt store og små.

Kvinnherad bibliotek (30) slo på stortromma laurdag.

DEL

Først ut var skrivekurset til Christin Grillstad Prøis som samla 11 deltakarar. Kvinnheringen snakka med to av dei, søskenbarna Eirica Nes (11 år, frå Stord) og Dina Nes (10 år, frå Husnes). Dei var stornøgde med opplegget.

– Alle dikta opp ein person. Seinare skreiv vi kvar vår del i ei historie om ulike personar, fortalde jentene ivrig.

Elles kunne ungar vera med på juleverkstad, ta ein tur opp på hemsen og sjå på teikning-utstillinga, lesa bøker eller spela spel. Dei fleste kom likevel for å sjå teater, for jubilanten lokka med ikkje mindre enn to barneteaterforestillingar denne dagen. Først ut var teatergruppa Kaos-operatørene som viste forestillinga «Hexagon og julestria». Kvinnheringen fekk med seg starten av denne, og klovnen og heksa klarte verkeleg å trollbinda publikumet.

– Kven er det som har bursdag i dag? spurte klovnen og hadde biblioteket i tankane.

– Eg! ropa ei jente.

– Mamma mi, ropte ei anna.

– Heiter mor di «biblioteket», skøya klovnen, før han drog i gang bursdagssong både for jenta, mora og biblioteket.

Så starta forestillinga med heksegryte, forviklingar, song og moro. Det fall tydeleg i smak både hos store og små i eit ganske så talrikt publikum.

Seinare var det duka for forestillinga «Jul i Piratbukta» med ein annan teatertrupp, og etter det igjen var det tid for den meir formelle jubileumsmarkeringa. Der bidrog mellom anna koret «Glimrah», og det var elles annonsert helsingar og foredrag.

30-åringen ser ut til å halda seg åndsfrisk og kvikk, og det skjer stadig litt av kvart i biblioteket.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags