Litt nedgang for biblioteket, men bokbussen aukar

NØGD: Biblioteksjef Trude Hege Bergesen, her med to aktuelle bøker, er nøgd med fjoråret, trass ein svak nedgang i utlånet.

NØGD: Biblioteksjef Trude Hege Bergesen, her med to aktuelle bøker, er nøgd med fjoråret, trass ein svak nedgang i utlånet.

Den fine sommaren er truleg årsak til ein liten nedgang i utlånsstatistikken ved biblioteket på Husnes.

DEL

– Slår vi saman utlånet frå biblioteket og bokbussen, vart det lånt ut eit par tusen færre titlar i fjor samanlikna med året før, fortel biblioteksjef Trude Hege Bergensen.

Dermed vil ho karakterisera besøket som stabilt, og trur den fine sommaren forklarar nedgangen.


Utlån20172018
Husnes44.51237.929
Bokbussen28.12232.165
Totalt72.63470.094


Ser ein litt djupare i statistikkane (som også omfattar filmar og blad), viser det seg at barn låner mindre av faglitteratur, men meir skjønnlitteratur. Også vaksne låner mindre faglitteratur – medan lånet av skjønnlitteratur er stabilt. Aldersgruppa som låner færrast bøker er ungdom i alderen 18–20 år.

Eit tiltak for å auka bokinteressa blant barn på Husnes, er at bokbussen også skal besøka Undarheim skule. I bokbussen er det lettare å spissa boktilbodet til brukarane, noko ungar veit å setja pris på.

– Fram til no har vi tenkt at ungane her på Husnes bur så nær biblioteket at dei finn vegen sjølv, men det stemmer ikkje for alle, seier biblioteksjefen.

– Tendensen – både lokalt og nasjonalt – er ein nedgang i utlån. Men vi må likevel seia oss nøgde med fjoråret. Aktivitetar og formidling er òg viktig for biblioteket, meiner Bergesen.

I 2013 og 2014 låg utlånet på rundt 75.000 titlar.

«Meirope»-tilbodet, der lånarar med avtale kan bruka biblioteket også utanom opningstidene, har stadig fleire brukarar, fortel biblioteksjefen. Tilbodet vart oppretta hausten 2016.

– Det er stadig fleire som gjer avtalar om slik bruk av biblioteket. Eit anna tal som har stige er talet på aktive lånarar, fortel Bergesen.


Godt besøk

Aktivitetsnivået med arrangement, forfattarbesøk, konsertar, barneteater og anna har vore høgt dei siste åra, noko som har vist godt i igjen i besøkstalet. I 2015 var det på rundt 48.000, medan det i dei tre siste åra har lege på 61, 68 og 64 tusen.

– Vil biblioteket halda fram med mange arrangement i biblioteket?

– Ja, vi vil ha eit bra program også i år, blant anna i samband med 500 års-jubileet for den første boka som vart trykt på norsk, smiler Bergesen.


Ti på topp, utlån vaksne

1. Perlesøsteren (Lucinda Riley)

2. Fremdeles meg (Jojo Moyes)

3. Katharina-koden (Jørn Lier Holst)

4. Liv andre har levd (Edvard Hoem)

5. En moderne familie (Helga Flatland)

6. Tung tids tale (Olaug Nilssen)

6. Heksen (Camilla Läckberg)

8. Kjærlighetsbrevet (Lucinda Riley)

9. Guinnes rekordbok

10. Berge (Jan Kjærstad)

10. Guden (Jørgen Jæger)


Ti på topp, utlån barn

1. Ferieparadiset (Jeff Kinney)

2. Kaptein Supertruse og de rampete robotene (Dav Pilkey)

3. Operasjon Skipsvrak (Jørn Lier Holst)

4. Operasjon Mumie (Jørn Lier Holst)

5. Kaptein Supertruse og invasjonen av de utrolig slemme kantinedamene fra verdensrommet (Dav Pilkey)

6. Nedtegnelser om å leve lykkelig alle sine dager – NOT! (Rachel Renée Russell)

7. Kaptein Supertruse og de drittleie doene (Dav Pilkey)

8. Kaptein Supertruse og den store kjærligheten – not! (Dav Pilkey)

9. Nedtegnelser fra en hemmelig kjærlighetskatastrofe – NOT! (Rachel Renée Russell)

10. Kaptein Supertruse og den bioniske busegutten. Del 2. (Dav Pilkey).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags