Vinterferiemoro på biblioteket

Kvar dag no i vinterferien blir det kjekke aktivitetar på biblioteket. I dag var det eventyrstund og film å få med seg.

Kvar dag no i vinterferien blir det kjekke aktivitetar på biblioteket. I dag var det eventyrstund og film å få med seg. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Kvar dag no i vinterferien kan ein få med seg kjekke aktivitetar på Kvinnherad bibliotek.

DEL

Vinterferie er herleg det, men for aktive barn kan dagane bli vel lange når det er skulefri. Viss så kan dei til dømes ta seg ein tur på biblioteket, for kvar dag no i vinterferien er det kjekke aktivitetar der. I dag, måndag, har det vore eventyrstund og filmframsyning.

- Kvar dag, til og med fredag, blir det filmframsyning, eventyrstund og hobbyverkstad her. Kjekt viss folk vil kle seg ut, sidan det er karnevalstid, men det er sjølvsagt frivillig. På fredag blir det forresten teiknespråkverkstad her, for dei som har lyst til å læra seg nokre teikn, fortel biblioteksjef Trude Hege Bergesen.

Ho seier at det òg kan dukka opp eit troll og andre overraskingar i løpet av veka! Laurdag vert vinterferien avslutta med filmframsyning.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags