Gå til sidens hovedinnhold

Biblioteket skal fornya nettsida

Artikkelen er over 1 år gammel

Vestland fylke har tatt initiativ til å fornya nettsidene til biblioteka i 13 kommunar i Sunnhordland og Hardanger. Dette går fram av eit brev til kommunane, der det òg bli bede om samtykke til at jobben blir gjort med ein eigendel på 5.000 kroner per kommune. Fylket har fått eit tilbod på 126.650 kroner, men «Bibliotekutvikling Vestland» er innstilt på å bruka nokre av midlane ein har fått til digital formidling til nettside-prosjektet. Dermed slepp biblioteka unna med «halv pris».

Noverande løysing er frå 2014/2015, og det blir vist til at teknologien har blitt utvikla mykje sidan den gongen. For å halda tritt med dagens standard og ny funksjonalitet er det trong for oppdatering, slår fylket fast i brevet.

Kvinnherad bibliotek har alt gitt samtykke, og biblioteksjef Trude Hege Bergesen skriv i svaret sitt at det er veldig bra at det vert ei oppgradering.

Les også

Bokbåten har historie tilbake til 1959 – etter denne vårsesongen kan den vera historie

Kommentarer til denne saken