Bidrog til ei god sak – no syng damene til Kjell i eit høgst sjarmerande kor

Her ser du Spikkekoret 2020, som er laga av treskjerarar frå heile Norge og Sverige, blant desse Kjell Musland. No skal koret bli auksjonert bort til inntekt for Sykehusklovnene.

Her ser du Spikkekoret 2020, som er laga av treskjerarar frå heile Norge og Sverige, blant desse Kjell Musland. No skal koret bli auksjonert bort til inntekt for Sykehusklovnene. Foto:

I lag med treskjerarar frå heile landet og frå Sverige har Kjell Musland frå Seimsfoss bidrege til eit spennande og velgjerande prosjekt, som skal komma sjuke barn til gode.

DEL

27 glade koristar i eit blandakor har stilt seg opp for å synga av full hals.

Her er kvinner og menn, høge og låge, tjukke og tynne, dresskledde og kjolekledde.

Gjennomsnittsalderen er høg, og dei er så sjarmerande at ein berre må smila frå øyre til øyre over den fasinerande samansetnaden dei utgjer.

Koret har fått namnet Spikkekoret 2020, og er laga av treskjerarar frå både Norge og Sverige.

Kjell Musland frå Seimsfoss har laga to av dei.

– Eg er med i ei Facebook-gruppe for treskjerarar, og det var her vi som driv med treskjering blei inviterte til å bidra til dette koret. Eg spikka derfor nokre koristar for å bidra, sende dei av garde, og to av dei blei plukka ut til å få synga i koret, fortel Musland til Kvinnheringen.

Han seier at damer var særleg etterspurde, då det var ein stor overvekt av herrar i koret.

– Av ein eller annan grunn er det litt vanskelegare å spikka damer enn menn, humrar Musland.

Målet er at koret skal bli auksjonert bort til inntekt for «Sykehusklovnene», som er til stades på sjukehusa for å gjera kvardagen til sjuke barn litt lysare. Auksjonen går føre seg på koret si eiga Facebook-side, og boda har alt begynt å rulla inn.

Spikkekoret er eit samarbeidsprosjekt som botnar i ei Facebook-gruppe der figurskjerarar frå land og strand er med, både amatørar og profesjonelle. Musland fortel at det har vore kjekt å bidra til eit prosjekt som har skapt eit så stort engasjement og mykje glede, både blant dei som har deltatt, men òg blant dei som har blitt kjent med prosjektet i ettertid.

På Facebook-sida Spikkekoret 2020 står det å lesa:

«Det å kunna bidra til eit felles prosjekt, uavhengig av bakgrunn, er viktig og har vore veldig positivt. Og; det er lett å relatera det til korleis det er i eit verkeleg kor – der det er det ein skapar i fellesskap som er det viktigaste. Spennande er det også å sjå korleis kvar figur er unik – og kvar unike figurskjerar har sitt eige uttrykk, stil og framgangsmåte (...)».

Planen er å la auksjonen gå fram til 1. desember, og midlane skal gå uavkorta til Sykehusklovnene.

Figurskjerar Kjell Musland frå Seimsfoss har bidrege til Spikkekoret 2020, eit prosjekt som skal koma Sykehusklovnane til gode.

Figurskjerar Kjell Musland frå Seimsfoss har bidrege til Spikkekoret 2020, eit prosjekt som skal koma Sykehusklovnane til gode. Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken