Bil hamna på jordet på Halsnøy

Politiet rykte ut etter melding om ein bil som hadde hamna på jordet på Halsnøy ved midnatt, natt til søndag. Foto: Illustrasjonsfoto frå arkivet
Ingen var i bilen då politiet kom til staden.
Vest politidistrikt registrerte åtte trafikkuhell i distriktet sitt i løpet av natt til søndag. Eitt av dei var på Halsnøy.
– Rett før midnatt rykka politiet ut til ein bil som stod på jordet ved ei rundkøyring på Halsnøy. Det var ingen i bilen då politiet kom fram, og det er litt uklart kven som har køyrd. Det såg ut som om bilføraren hadde køyrd litt fram og tilbake for å prøva å koma seg laus, fortel Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.
Han seier at airbagen ikkje var utløyst, og at det ikkje er grunn til å tru at uhellet har ført med seg personskadar.
– Det er oppretta kontakt med bileigaren, og vil bli laga sak på forholdet, seier Dahl-Michelsen.
Han legg til at det er glatt ute i heile distriktet, og at folk må køyra etter forholda.
Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!
Kommentarer til denne saken