Tysdag 11.13 melde 110 vest på Twitter om ei trafikkulukke ved Røsslandslia på Husnes.

Ulukka var front mot front, og ein av bilane hamna på taket.

Det sat éin person i kvar bil, men begge kom seg raskt ut. Politiet melde klokka 11.17 at naudetatar var på staden.

Rundt 11.45 var vegen framleis stengt, men det blei då arbeidd med å få fjerna bilane.

– Den eine personen er sendt til sjukehus, medan den andre til lege for sjekk, men begge verka å vera oppegåande. No skal bilen vippast ut av køyrebanen, slik at vi får opna det eine feltet ganske snart, opplyste Torgeir Fosse på staden.