Gå til sidens hovedinnhold

Bil hamna på taket i Ølve

Ein bil hamna på taket etter eit trafikkuhell i Ølve natt til onsdag. NRK Hordaland radio opplyste i 07-nyhenda onsdag morgon at naudetatatane fekk melding om ulukka i 04-tida.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore André Brakstad, opplyser til NRK i 07-tida at bilføraren ikkje var på staden då naudetatane kom til, og at det blir leita etter denne personen som vitne skal ha sett springa frå staden.

NRK-Hordaland på nett opplyser litt seinare at politiet leitar etter bilføraren med hundepatrulje.

Kommentarer til denne saken