Bil hamna på taket i Uskedalen

Slik såg det ut på ulukkesstaden i Uskedalen måndag, etter at ein bil køyrde av vegen, hamna på taket og gjorde skade på eit naust. Foto: Kirstian Bringedal / Uskedalen.no
Ein bil køyrde av vegen på glatta måndag morgon i Uskedalen. Bilen hamna på taket og gjorde mindre skadar på eit hyttenaust.
Vest politidistrikt melde på Twitter måndag morgon at ein bil hadde sklidd av vegen og hamna på taket i Uskedalen.
Forbipasserande skal ha meldt frå om hendinga rundt klokka 07. Uhellet skjedde nedanfor Eik på fylkesveg 500, i den såkalla Buasvingen. Den uheldige kom frå Uskedalen mot Husnes, opplyser lensmann Sigurd Børve.
Sjåføren skal ha sklidd av vegen i svingen, tippa over ein mur og hamna på taket, fortel Børve.
Mannen i 20-åra blei tatt med til legevakt for sjekk. Han var åleine i bilen.
Vegen måtte stengast i korte periodar då kranbil henta bilen opp igjen.
Kommentarer til denne saken