Gå til sidens hovedinnhold

Bil køyrde av vegen i Rosendal

110 Vest melde laurdag like før 17.30 at brannvesenet var på veg til ei trafikkulukke i Rosendal.

Då Kvinnheringen prata med vakthavande for brann, Thomas Hallquist, var dei førebels ikkje framme på staden.

– Men det skal vera snakk om ei singelulukke like ved hotellet i Rosendal. Ingen personar skal vera fastklemde eller liknande, opplyste han.

Klokka 17.40 melde Vest politidistrikt på Twitter at det dreidde seg om ein bil som hadde køyrd ut av vegen og treft mellom anna eit postkassestativ.

Vidare melde dei at naudetatane var framme, og at det ikkje var snakk om alvorlege personskadar.

Det var éin person i bilen, ei kvinne i 80-åra.

Politiet opprettar sak.

Les også

Dette meiner politiet var drapsvåpenet

Kommentarer til denne saken