Gå til sidens hovedinnhold

Bil køyrde på fleire fotgjengarar

Klokka 12.37 måndag ettermiddag melde Vest politidistrikt at ein bil hadde køyrd på fleire fotgjengarar ved Gjermundshamn ferjekai.

Det blei slått full alarm.

Politiet opplyser til Kvinnheringen seinare at ingenting tyder på at handlinga var bevisst.

Fire personar skal ha blitt trefte av bilen, ifølge operasjonssentralen til Vest politidistrikt.

Operasjonsleiar Tore-André Brakstad opplyser til Kvinnheringen like før klokka 13 at ein person er kritisk skadd. Dei tre andre lettare skadde.

Luftambulanse og redningshelikopter blei også tilkalla.

Brakstad fortel at politiet jobbar med å få oversikt over kva som er skjedd.

– Dette har skjedd i forbindelse med køyring på staden. Vi tolkar det som ei ulukke, og ikkje ei bevisst handling, seier han.

Kvinnheringen har snakka med eit vitne på staden. Vedkomande fortel at situasjonen ser alvorleg ut. Etter det Kvinnheringen kjenner til, har ulukka skjedd ved ein bil som sel poteter. Ein person skal ha fått bilen i revers og køyrt på folk på staden. Då bilen køyrde framover igjen skal fleire ha blitt påkøyrde.

Dei skadde var ved ei salsbod, og sjåføren – ei eldre kvinne – blir ivaretatt av politiet på staden, melder politiet på Twitter klokka 13.15.

TIPS OSSTelefon: 53 48 21 45 E-post: redaksjon@kvinnheringen.no

Kommentarer til denne saken