Vårmønstring på søndag

Mange gjesta vårmønstringa i fjor. (Arkivfoto).

Mange gjesta vårmønstringa i fjor. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Tradisjonen tru blir det vårmønstring på Husnes 1. mai.

DEL

Amcar-klubben og MC-klubben i Kvinnherad arrangerer også i år vår-mønstring i Husnes sentrum, ein av dei verkeleg store dagane for bil- og motorsykkelentusiastar i Kvinnherad og omegn.

Stein Bjarte Kaldestad har vore ein av primus motorane i mange av åra og trur det no er 25. gongen dei arrangerer vårmønstring.

I fjor var det strålande sol og eit fantastisk vårvêr med over 200 køyretøy på plass.

– Det klaffa verkeleg med vêret og då er det ekstra kjekt å vera med som arrangør. Då er det eit yrande liv heile dagen og folk storkosar seg.

– Året før var vi uheldige med vêret og då var det ikkje meir enn 70–80 bilar, seier Kaldestad.

Han fortel at det har vore ei kjekk utvikling med fleire og fleire deltakarar som kjem frå andre kommunar – det kjem bilar og motorsyklar frå Hardanger, Haugsund og Nedstrand. Vi får mange positive tilbakemeldingar.

Kaldestad fortel at kåringane blir nokolunde som tidlegare med to klassar i amcar, for gatebil, mc, veteran. I tillegg blir det to premiar på det Kaldestad omtalar som juryens favoritt.

– Om det er nokon som har noko heilt spesielt med seg, så vil vi premiera dei, fortel Kaldestad.

Amcar-entusiasten fortel at bilmiljøet i Kvinnherad er stabilt om dagen.

– Gatebilmiljøet er stort, medan det i amcar-klubben er mange 50+ medlemmer. Det er litt stas at vi faktisk har fått nokre litt yngre som har kjøpt seg bil og meldt seg inn i amcar-klubben.

Visa fram

Sidan oktober har amcar-klubben hatt eit prosjekt der 8–10 ungdommar i alderen 15–18 år kvar tysdag har vore med og bygd opp ein bilcross-bil.

– Det har vore heilt fantastisk. Ungdommane har jobba og skrudd. Den venter no berre på å bli klassifisert til bilcross. Bilen er no køyrbar og snart kan ungdommane køyra den. 1. mai vil vi visa fram bilen, seier Kaldestad.

– Prosjektet hadde ikkje vore realiserbart utan NAF, Sparebank1-stiftinga og Gjensdigestiftelsen, seier han.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags