Paul Are er blant dei 20 beste i verda

Tina Fausk og Emilie har god grunn til å vera stolte over pappa og sambuar Paul Are Ljosnes. (Arkivfoto).

Tina Fausk og Emilie har god grunn til å vera stolte over pappa og sambuar Paul Are Ljosnes. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 2 år gammel

Paul Are Ljosnes frå Uskedalen fekk utmerkinga «Excellent Skill» og blei blant dei 20 beste i VM for Hyundai-mekanikarar i Sør-Korea.

DEL

I sommar gjekk han heilt til topps i NM for Hyundai-mekanikarar, i konkurranse mot 180 andre. Med det kvalifiserte Paul Are Ljosnes frå Uskedalen seg til VM i Sør-Korea, som gjekk av stabelen denne veka. Og også denne gjekk som ein draum.

– Eg enda opp blant dei 20 beste, og fekk utmerkinga Excellent Skill. Det er veldig stas, og det heile har vore svært kjekt å vera med på, seier Ljosnes på telefon frå Sør-Korea.

Dei var 73 dyktige mekanikarar frå heile verda som konkurrerte mot kvarandre her. Konkurransen starta måndag.

– Då hadde vi først ein skrifteleg test, pluss ei praktisk oppgåve. Tysdagen var det ei ny praktisk oppgåve, og onsdagen var det chassis-system som stod på programmet. Torsdagen var premieutdelinga, fortel han.

I ei av oppgåvene skulle mekanikarane gå laus på bilar med ulike feil på hos ein stor bilforhandlar i Seoul, og finna alle feila i løpet av 50 minutt.

– Det heile har vore både nervepirrande og spennande å vera med på. Berre det å kvalifisera seg til å koma hit har jo vore ei fantastisk oppleving. Og sjølvsagt var det ekstra kjekt når det enda såpass godt som det gjorde, slår Ljosnes fast.

Til dagleg bur han i Haugesund med sambuar og barn, og jobbar for Nils Sørhaug AS. Læretida si hadde han ved Dimmelsvik Bil AS, ein stad han til saman var tilsett ved i ni år. Han er tredje generasjons bilmekanikar, og fortel at han er veldig glad i jobben sin.

– For meg er mekanikar-yrket meir enn berre ein jobb. Eg brenn verkeleg for det eg gjer, og legg sjela i å gjera ein god jobb, seier Ljosnes på telefon frå Sør-Korea.

Artikkeltags