I dagens avis har vi «Bil og motor» som tema. Der kan du blant anna lesa om den kule bardisken til Viljar Vaage. For han er det berre eitt bilmerke som gjeld: Volkswagen. Og då spesielt typen Transporter Caravelle T3. Han har hatt, og har framleis, fleire bilar av denne typen. Ein av dei, ein kvit Transporter T3 89-modell Syncro, fungerer som «alt mogleg-bil», blant anna til jobb. Vaage er nemleg snikkar med eige firma, og reiser rundt for ulike oppdrag.
Han har reist nokre gonger til Tyskland på folkevogntreff, der han har ein venegjeng som også har dilla på folkevogner. Det var på eit slikt treff han fekk ideen om å laga noko ganske unikt.
– Eg såg ein bardisk laga av fronten på ein Transporter, og bestemte meg for å laga ein som var betre. Eg ville ha den klar til eit treff som skulle vera 1. mai i år, og har jobba med den eit par helger i vinter og vår. Onkel skulle kasta den gamle campingbilen sin, så då fekk eg den i staden. Eg selte campingtaket og nokre av delane, og så brukte eg fronten, nokre dører og panel til å laga ein bardisk. Eg har i hovudsak brukt vinkelslipar og bajonettsag, og sveisa delane saman, forklarer Vaage.
Du kan også lesa om «Harleygutane» – kompisane Mats Håvar Saghaug frå Valen og Kristoffer Hovden frå Sandvoll, to unge Harley Davidson-entusiastar. Dei likar både stilen og lyden på motorsyklane. Saghaug har ein Softail Heritage 1340 ccm, og Hovden har ein Softail custom 1340 ccm, begge syklane med Evo-motor.