Billøp på Husnes med mykje action, røyk og svidd gummi

02. juni 2019, kl. 15:00

I helga var det duka for fleire dagar med action i Husnes sentrum. Fart, moro og svidd gummi stod på programmet. Mange hadde tatt turen for å sjå bilane køyra i det aller første Street Legal billøpet på desse kantar, arrangert av Amcar Kvinnherad i samarbeid med Bergen Street Legal Team. Bana var på 201 meter, og to og to bilar køyrde om kapp på Opsangervegen.