Gå til sidens hovedinnhold

Historisk tilbakeblikk: Då Aksel boksa mot Ole Klemetsen

09. april 2020, kl. 12:00

Laurdag 10. mars 2001 vart det arrangert showkamp mellom Aksel Kloster og Ole Klemetsen. «Sjeldan har det vore så høg stemning på Husnes Hotell som då Aksel Kloster møtte Ole «Lukkøye» Klemetsen i bokseringen på Vift. Med lang erfaring i å kutta svingane i politikken, slo Aksel til med nokre uortodokse snarvegar også i bokseringen», skreiv Kvinnheringen på framsida av den etterfølgjande måndagsavisa. Speaker og medisinsk ansvarleg var Terje Vevatne.