Sjå bilde: Tradisjonell juletrefest i Rosendal

30. desember 2018, kl. 11:39

Tradisjonen tru inviterte Rosendal Bedehus til juletrefest fredag. Nærmare 100 personar samla seg for å syngja, eta og gå rundt treet saman. Heilt sidan 1959, då bedehuset blei bygd, er det kvart år blitt arrangert juletrefest, fortel Øystein Hellesøy i styret: – Det er ikkje så mange som held denne tradisjonen ved like. Vi synest det er hyggjeleg. Det samlar folket, seier han.