Gå til sidens hovedinnhold

Sjå bilde frå Skutefesten i Rosendal

24. august 2019, kl. 18:00

Denne helga var det vakre skuter og eit folkehav av glade menneske som prega bygda i Rosendal. På programmet sto mellom anna dåp av Galeas «Gurine», spennande føredrag og skutekro. I tillegg tok skodespelar Helge Jordal nok ein gong turen for å framføra «Terje Vigen» av Henrik Ibsen. Det ærefulle oppdraget med å døypa skuta var det Evelyn Alma Lynghaug Gustavsen og Guri Rørtveit som fekk.