Gå til sidens hovedinnhold

Liam (5) tok med ønskelista til julegrantenninga på Sæbøvik

30. november 2019, kl. 15:00

Det var bitande kald vind, men fint vêr elles og varm stemning då den flotte julegrana på Sæbøvik vart tend torsdag kveld. Mange møtte fram og varma seg på graut, gløgg og fin musikk ved Høyåker musikkorps. Og til slutt kom det opptil fleire julenissar og delte ut godteposar til borna. Liam (5) Wiik frå Høylandbygd nytta høvet til å gi ønskelista si til nissen.