Sæbøvikfestivalen dag 3: Bildeserie frå folkelivet

20. juli 2019, kl. 20:26

«Det finst ikkje dårleg vêr...» er det noko som heiter. Det blei i alle fall mottoet då tredje dag av Sæbøvikfestivalen starta. Trass i nokre skikkelege regnbyger laurdag føremiddag, var det fleire som hadde tatt turen ut for å få med seg stemninga. Like utanfor handlesenteret på Sæbøvik blei det servert frukost i teltet, og på Halsnøy kulturhus var det duka for kjekke aktivitetar for både store og små.