Sommarfest i Uskedalen barnehage – sjå bilde

19. juni 2019, kl. 14:16

Tysdag ettermiddag (18. juni) var det jubileumsfest (40 år) og presentasjon av nye, flotte byggverk på Uskedalen barnehage sitt uteområde. Ei ny, flott sjørøvarskute vart døypt med vassballong, og eit sjarmerande mummihus var opna med høgtidleg snorklipp. Song, kakefest og blomeoverrekkingar var òg med på å setja preg på den trivelege stunda.