Valedamenes opptur 2019

15. juni 2019, kl. 18:02

VALEN: I strålande sommarvêr arrangerte Valedamene sin andre opptur til Svartatjødno-området, denne gongen med Elvadammen som mål. Med nærare 200 deltakarar totalt vart det opptur på mange måtar. Naturstien hadde svært mange deltakarar, medan 11 vaksne sprang opptur-løpet frå bommen til Elvadammen, og seks ungar sprang eit kilometerlangt løp.