Gå til sidens hovedinnhold

Bilførar sikta etter dødsulukka på Baugstranda

Førre måndag kveld skjedde det ei tragisk ulukke på Baugstranda mellom Matre og Åkra, då ein bil og scooter kolliderte i nærleiken av Krabbanestunnelen. 18 år gamle Emma Weberg Kaldestad omkom etter ulukka.

No er bilføraren sikta for uaktsam køyring. Det opplyser politiadvokat Tone Solfjeld Pedersen til Bergens Tidende.

Politiet meiner bilføraren enten hadde for høg fart, var uoppmerksam, eller begge delar.

Bilføraren blei avhøyrt tysdag, opplyser vedkommande sin forsvarar, advokat Per Ivar Hessen.

– Eg er kjent med siktinga, og det er også sikta. Men no er det tidleg i etterforskinga. Vi får komma tilbake til korleis sikta stiller seg til anklagen.

(©NTB)

Kommentarer til denne saken