– Vi nærmar oss 400 selde billettar, faktisk. Det har vore stort trykk på billettsalet, som er utruleg gledeleg å sjå, seier Betten.
Nazareth, som har over tre milliardar avspelingar på dei ulike strøymetenestene, får med seg bergensbanda Variety Jones og Dobbeltgjenger som oppvarmingsband når dei kjem til Husnes.
Men sjølv om Nazareth er eit band Betten veit drar publikum ut frå sofakroken, var han ikkje sikker på at billettsalet skulle gå så bra.
– Nei, det er litt overraskande, seier han og utdjupar:
– Å arrangera slike ting etter koronapandemien har vore ei utfordring over heile fjøla. Difor er det veldig gledeleg å sjå at folk stiller opp og vil ta del i det. Det gir motivasjon til å få til fleire ting i framtida også, seier Betten.
Med snart 400 selde billettar, betyr det at det berre er vel 100 ledige billettar til storkonserten i Festsalen den siste dagen i september.
