Bingofeber i Høylandsbygd: Potten var på 100.000 i populær Fjorden Cowboys-bingo

BINGOKOS: Onsdag kveld deltok Therese Engebretsen (39, t.v.), Per Øyvind Hauge (55, i midten) og Anne Guri Hauge (80, t.h.) i den populære radiobingoen Fjorden Bingo. Same kvelden blei Per Øyvind 2.000 kroner rikare.

BINGOKOS: Onsdag kveld deltok Therese Engebretsen (39, t.v.), Per Øyvind Hauge (55, i midten) og Anne Guri Hauge (80, t.h.) i den populære radiobingoen Fjorden Bingo. Same kvelden blei Per Øyvind 2.000 kroner rikare. Foto:

Nesten kvar onsdag kveld ruslar Per Øyvind Hauge (55) i Høylandsbygd opp til mammo på lemen for å spela bingo. Folk kan vinna opptil 100.000 kroner i det som er blitt ein populær radiobingo.

DEL

Høylandsbygd, onsdag: Då Kvinnheringen kjem på besøk ei kveldsstund, er det sett fram radio, chips og twist på bordet i 2. etasje i huset som Per Øyvind og sambuaren Therese Engebretsen (39) deler med Per Øyvind si mor, Anne Guri Hauge (80). Det er nemleg bingo-tid, og familien Hauge er blant mange kvinnheringar som deltek i det som heiter Fjorden Bingo.

Fjorden Cowboys

I tillegg til Per Øyvind og Anne Guri, er Therese for første gong med og spelar Fjorden Bingo denne kvelden.

Vanlegvis er også bror til Per Øyvind, Knut Arne, med og spelar, men han var denne onsdagen forhindra på grunn av ein fotballkamp.

Mannen bak det heile er Joar «Levemann» Førde, vel kjent frå den populære tv-serien Fjorden Cowboys – som følgde Førde og Leif Einar «Lothepus» Lote – to karar som til vanleg arbeider i anleggsbransjen i Hardanger.

– Det var jo 1980-talet som var den store radiobingo-tida, og folk ser kanskje for seg ein kar med sneip i kjeften og ein bingopenn det sprutar av i neven, seier programleiaren sjølv, Joar Førde, til Kvinnheringen.

– Men radiobingo er tydelegvis blitt kult igjen, og no er det alle typar folk i alle aldersgrupper som deltek, seier Førde, som synest responsen på pengespelet har vore veldig bra.

– Eg tippar vi pleier ha rundt 1.500 deltakarar kvar gong, seier han, og fortel at det for det meste er folk frå heile Vestlandet.

I Kvinnherad har Husnes-merka seg ut som den store bingo-bygda:

– Der har vi mange vinnarar, men det bur jo mykje folk der òg, seier Førde.

Bingoverten fortel vidare at dei starta opp med spelet i korona-tida, etter å ha planlagd konseptet i eit års tid.

– Om det er korona eller andre ting som gjorde at folk blei med, veit eg ikkje, men det har i alle fall tatt meir av enn eg hadde trudd, seier han.

Store premiar

I den populære radiobingoen kan du faktisk raska med deg ganske store summar:

– Ein kan vinna 25.000 kroner kvar onsdag, men dette er jo eit pengespel som er strengt regulert av Lotteritilsynet, så ein stor del av pengane skal tilbake som premiar. Derfor har vi nokre kveldar heile 100.000 kroner i potten, opplyser Førde.

I Høylandsbygd var det god, gamaldags familiestemning då Kvinnheringen var innom, og Anne Guri opplyser at ho har delteke i bingoen fire gonger:

– Det var den andre sonen min Knut Arne som begynte med dette her, seier ho, og fortel at dei har halde på sidan april.

– Har de vunne noko enno?

– Ingenting, seier dei samstemde.

Denne kvelden skulle det derimot lukkast:

– Eg vann 2.000 kroner, opplyste Per Øyvind i ein sms til Kvinnheringen seinare på kvelden.

Dersom du vil delta i bingoen, kan du anten kjøpa éi blokk, to blokker eller ei gullblokk.

– Det kostar jo litt å vera med, men eg deltek ikkje i nokon andre pengespel, seier Anne Guri.

KONSENTRASJON: Anne Guri Hauge (80) hadde god kontroll på tala sine.

KONSENTRASJON: Anne Guri Hauge (80) hadde god kontroll på tala sine. Foto:

Konsentrerte

Den vesle familien synest det er voldsomt kjekt, og når tala blir lesne opp, går dei over i djup konsentrasjon. Kvinnheringen sin utsende finn ut at det er best å slutta å stilla spørsmål.

Med mange tal på blokkene er det mykje å halda styr på, og medan Per Øyvind har tala på ein pc framføre seg, sit Anne Guri og Therese med kvar sin markeringspenn.

Per Øyvind fortel at det vanlegvis går mellom halvannan og to timar på ein bingokveld.

Premiane for kvelden var 400 kroner for ei rekke, 600 kroner på to rekker og 1.500 kroner på tre rekker. Jackpoten var på heile 100.000 kroner.

Programleiar Førde fortel at det er lokalradioen i Odda, Radio Folgefonn, som står for konsesjonen.

– Det er jo bra for radioen òg dette her, sluttar Førde, som sluttar med å ønska lyttarane ein framleis god sommar.

Artikkeltags