Inviterer til møte om biogass-prosjektet i Omvikdalen

Her er ei av skissene for prosjektet.

Her er ei av skissene for prosjektet.

Torsdag og fredag inviterer Hardanger Biogass AS til møte om planane for det nye biogass-anlegget i Omvikdalen.

DEL

Som Kvinnheringen har skrive tidlegare, har lokale interessentar gått saman for å sjå om det er mogleg å bygga eit anlegg som skal produsera biogass.

Reinhard Lund-Mikkelson er prosjektleiar og Kvinnherad kommune har løyvd 500.000 kroner til forprosjektet. Tanken er å bruka til dømes møk og bi-produkt frå fiskeindustrien i ein lukka og oksygenfri råtningsprosess. Råtninga vil gi frå seg metangass og CO2. Gassen kan gjerast om til væske, som igjen kan brukast til drivstoff på sjø og land. Bøndene vil få restgjødsla i retur.

Hardanger Biogass ønskjer å regulera eit område i Sandvikslio i nærleiken av Felleskjøpet, og har hatt oppstartsmøte med kommuneadministrasjonen. No vil reguleringsprosessen gå sin gang med kommunen før ein får ei opregulering av den utmåla tomta. I tillegg er ein avgengig av å få tilskot frå ENOVA for å ha ei berekraftig investering.

– Dei nærmaste naboane har vi starta dialog med. Lærdom frå liknande initiativ gjer at vi set stort fokus på informasjon og dialog rundt prosjektet. Vi opplever ein stor iver og positivitet både politisk, frå jordbruket og frå folk elles for å få dette til, men vi ønskjer å vera i forkant, fortel Lund-Mikkelson.

Vi inviterer til eitt møte for bønder i Dalheim torsdag kveld, og eitt møte som er ope for alle i Dalheim fredag kveld.

– Sistnemnde møte er ope for alle som vil høyra om dei vidare planane, avsluttar prosjektleiaren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags