Frå måndag denne veka er den ordinære førehandsrøystinga i gang, og ein kan no førehandsrøysta like til 6. september.

Valdirektør, Geir Mogren, tok måndag i mot valsetelen ved Rådhuset i Rosendal frå den fyrste veljaren. Det var Bjørn Rune Bergane frå Åkra som vart den fyrste veljaren.

Til kommunestyreval og fylkesstingval 2019 kan ein førehandsrøyste følgjande stader:

  • Biblioteket på Husnes
  • Hatlestrand skule
  • Øyatun skule
  • Rådhuset i Rosendal